Kirkesamarbeidet på Kola
Inkerin kirkko

Kirkesamarbeidet på Kola

I Russland samarbeider Noregs Samemisjon med Den ingermannlandske evangelisk-lutherske kyrkjelyden (Inkerin Kirkko). Dette kyrkjesamfunnet har røter i dei finskspråklege bygdene i Ingermannland, dvs i områda rundt St. Petersburg lenger sør i Russland. Lutherdommen kom hit alt på 1600-tallet. Ein kyrkjelyd fanst også i Murmansk-området. Sokneborna der var helst finlendarar og nordmenn som budde på Kola-kysten. Som følgje av kommunistane si undertrykking av trudomssamfunn i Russland etter 1917 blei kyrkjebygget øydelagt og kyrkjelyden oppløyst under tvang.

Såleis er ikkje evangelisk-luthersk kristendom noko framandelement på Kola-halvøya, nett som me på norsk side av grensa har spor etter russisk-ortodoks kristendom (t d i Neiden).

Økonomisk støtte frå gjevarane gjer det mulig for Norges Samemisjon å finansiere stillingane som prest, ungdomsarbeidar og barnearbeidar og store delar av driftskostnadene til denne kyrkjelyden. I tillegg til gudstenestene søndag formiddag gjev kyrkjelyden tilbod om konfirmasjonsundervisning, søndagsskule, barnegruppe og ungdomsgruppe.