Kvart år gjev Medietilsynet ut stønad til lokalradioar og lokalfjernsyn. I år var dei godt nøgde med prosjekta Radio DSF presenterte, og gav tilskot på over 300.000 kroner.
- Vi har fått 100.000 for å halda fram med bygginga av eige sendenett. Dette er ein dyr prosess, og pengane frå Medietilsynet kjem til stor hjelp for radioen. I tillegg kjem dette dei andre lokalradioane i indre Finnmark til gode, ved at dei får billegare sendeleige når Radio DSF har eige sendenett. Det seier redaktør i Radio DSF Jan Ove Krutvik.
I tillegg fekk Radio DSF støtte til å produsera helseprogram på samisk. Dette skjer i samarbeid med Amund Peder Teigmo, som er spesialist i allmenn medisin.
- Det er veldig fint at vi i løpet av året kan tilby eit nytt program på samisk. Dette vert veldig interessante program som vert til glede for lyttarane, men som òg vil lokka nye lyttarar til radioen, seier Krutvik.
Radio DSF produserar andaktene som går på NRK Sámiradio. Medietilsynet ser kor viktig inntekt dette er for Radio DSF, og har gjeve pengar for å arrangera kurs for andaktshaldarane.
- Då kan vi gjera gode andaktar enno betre. Dessutan ynskjer vi kurset skal verta til glede og inspirasjon for dei som leverer andaktar til oss. Vi har eit spanande program på kurset. Mellom anna kjem Helge Gudmundsen, produsent for andaktene på NRK P1. Han er veldig dyktig på å driva kristent radioarbeid.
- Sjølv om vi no har fått god stønad frå Medietilsynet, er vi framleis avhengig av gåver frå lyttarane og støttespelarane våre. Det er svært gledeleg å merka at mange ser verdien av å driva kristent radioarbeid i Finnmark. Eg vil oppmoda lesarane til å halda fram med å støtta Radio DSF økonomisk og ved forbøn, seier redaktør Jan Ove Krutvik.
Radio DSF er eigd av Noregs Samemisjon og sender på samisk, norsk og finsk i Tana, Karasjok og Kautokeino. Medietilsynet delte ut 9 millionar kroner ved hovudtildelinga til lokalradio og lokal-tv i 2007.
Norges Samemisjon
Vestre Kanalkai 20
7010 Trondheim
Tlf.: +47 73 87 62 50
Fax: +47 73 51 25 05
hovedkontoret@samemisjonen.no
Konto gaver: 3000.15.18530