Å få komma nær dei verkeleg ville element i Pasvik nasjonalpark, padle på stille vatn ein seinsommarkveld, kjenne gjedde og abbor bite på kroken, høyre vinden suse, tiuren som tek av mellom trærne og kanskje sjå bjørnespor, er noko av det Pasvik kan by på.
- Deltakarane får heilt spesielle opplevingar på leir i ei av Noregs siste villmarker, og får oppleve ein av våre storslåtte nasjonalparkar på nært hald, seier Magnar Hellesøy, initiativtaker til leiren.
- På leiren vil vi ha kano(n) bra ord for dagen, sjølvsagt i kanoen på vatn, fortset Hellesøy. Vatnet er vår kjelda til liv og det levande vatnet er Den Heilage Ande som veller fram og gjev evig liv. Bibeltimar i lavvo og ute i det fri, felleskap med andre ungdommar og mange utrulege ting du enno ikkje har sett. For ein kan ikkje sjå Jesus, men føle Han, legg leirleidaren til.
- Let Jesus lead you er namnet på ein song som treff målet med det å lage kanoleir, avslutter Magnar Hellesøy. Jesus er seierherren i våre liv og Han åleine er grunnen til at vi no ynskjer å arrangere kanoleir for ungdom i Aust-Finnmark.
Spennende? Last ned program (pdf) og meld deg på her.
Fakta: Kanoleiren frå 30. juli til 3. august for ungdom i alderen 15-20 år, er eit samarbeidsprosjekt mellom Normisjon, Samemisjonen og Indremisjonsforbundet i Finnmark - og Øytun folkehøgskole i Alta. Leiren vil være eit kortkurs knytta til Øytun, og er fyrst og fremst mynta på ungdom frå Finnmark. Men unge frå heile landet er velkomne. Mer info på epost. |
Norges Samemisjon
Vestre Kanalkai 20
7010 Trondheim
Tlf.: +47 73 87 62 50
Fax: +47 73 51 25 05
hovedkontoret@samemisjonen.no
Konto gaver: 3000.15.18530