Etter ein lang dag på Rassegalvarri i Kautokeino, kunne Radio DSF sende frå nymasta. Radioen sparar 70.000 kroner i året på denne innsatsen.
-I 2005 betalte vi 380.000 kroner for sendenettet vi leiger av Norkring. Det seier seg sjølv at det er ein uhaldbar situasjon. Det seier Jan Ove Krutvik, redaktør i Radio DSF.
-Etter å ha reist ei mast i Tanadalen, og no fått ei ny mast på Rassegalvarri så reknar vi med å spara nesten 100.000 kroner i året. Vi leiger framleis plass i to master til Norkring, så vi har meir arbeid framom oss, seier Krutvik.
Begge mastene er reist og ordna etter dugnadsinnsats.
Norges Samemisjon
Vestre Kanalkai 20
7010 Trondheim
Tlf.: +47 73 87 62 50
Fax: +47 73 51 25 05
hovedkontoret@samemisjonen.no
Konto gaver: 3000.15.18530