Helsing frå Torbjørn Bjorvatn
For meg har det vore ei ære og ei glede å arbeide i Noregs Samemisjon.
Etter jul tok eg til å kjenne at kreftene ikkje strekte til. I april laut eg trekkje inn årene som generalsekretær. Det vart 2 ½ år i misjonen. I skrivande stund veit eg ikkje kva neste steg blir. Men Herren viser veg.
Som utgåande medarbeidar har eg hug til å løfte blikket. Eg ser eit potensial i Noregs Samemisjon. Her forklarer eg korfor.
Merkevare
Innan handelsfaga finn me ordet «merkevarebygging». Merkevarebygging tyder at ein medvite byggjer opp omdømmet til ein organisasjon. For Noregs Samemisjon tyder det at me sjølve og andre veit kven me er, kva me vil og korleis me arbeider. Nedanfor peiker eg på moglege byggjeklossar i ei slik merkevarebygging.
Teologi
Eg ser på Noregs Samemisjon som ein teologisk konservativ organisasjon med ein tydeleg ståstad i luthersk tradisjon. Våre tilsette og tillitsvalde er bundne på dette grunnlaget. Samstundes veit me at Noregs Samemisjon sine medlemmer og gjevarar høyrer til i ulike samanhengar – frå læstadianarar til pinsevenner, frå høgkyrkjelege til lågkyrkjelege, innanfor og utanfor Den norske kyrkja. Dette løyser me ved at alle samemisjonsvenner først og fremst soknar til sitt kyrkjesamfunn, men deltek i Noregs Samemisjon så langt dei kan og ønskjer.
Oppgåver
Noregs Samemisjon arbeider med tre ting: (1) Forkynning av Guds ord, (2) diakoni og (3) styrking av den kristne samiske kulturarven. Misjonen si hovudverksemd skjer der samane bur – i sørsamisk, lulesamisk, nordsamisk og kolasamisk område. Samemisjonen driv indremisjon, sjølv om ein kryssar språk- og kulturgrenser. I reint norske distrikt samlar me inn pengar til verksemda blant samane. Me oppmodar til forbøn og til solidaritet med det samiske folket.
Aktuell
Samemisjonen trengst framleis, av to hovudgrunnar: For det første bur samane spreitt, og det kan gå lang tid mellom kvar gong prest eller predikant kjem forbi. Til desse stadene sender Samemisjonen forkynnarar. For det andre er samane eit eige folk, med si historie, språk, kultur, næringsvegar og identitet. Samane eig til dømes eit rikt bibelspråk og ein stor salmeskatt. I samiske område skal samisk språk alltid lyde på Samemisjonen sine samvær – i tale, bøn, salmesong eller skriftlesing. Ofte nyttast tolk.
Solidaritet
Fortida er viktig i merkevarebygging. Noregs Samemisjon si soge gjennom snart 140 år rommar både lyse og mørke kapittel. Her lyt me vere ærlege og ikkje gøyme noko av det vonde. Samstundes skal me avvise påstandar som byggjer på fordommar og vankunne.
Misjonen oppstod i 1888 i kjølvatnet av ei penge- innsamling for å gje ut den første Bibelen på samisk – då staten ikkje kunne eller ville løyve pengane som trongst. Bibelen kom i 1895. Kristenfolk i heile Noreg stilte seg solidariske med samane og såg verdien av samisk språk. Trass i ei rekkje manglar har Noregs Samemisjon vore den viktigaste motvekta i det norske samfunnet mot statens fornorskingspolitikk andsynes samane.
Difor ser eg på Noregs Samemisjon som ei solidaritetsrørsle. Organisasjonen fremjar kunnskap, velvilje og respekt mellom folkeslaga. Noregs Samemisjon har i 140 år gjort noko konkret med dei utfordringane som Sannings- og forsoningskommisjonen peiker på i rapporten frå 2023. Misjonen går føre og viser veg.
Læstadianismen
I Noregs Samemisjon har folk sett ulikt på læstadianismen. Sjølv har eg eit nært og godt tilhøve og går i forsamlinga så sant eg kan. Læstadianismen har levd på innsida av det nordsamiske og lulesamiske samfunnet på ein måte som Samemisjonen ikkje alltid har klart.
Dei siste tiåra er denne vekkingsrørsla gått sterkt tilbake i samiske strok i Nordland, Troms og Finnmark. Sjølv om Noregs Samemisjon også er veikare enn før, er Noregs Samemisjon den misjonsorganisasjonen med best kjennskap til denne delen av den samiske kristenarven. Dette er ein hovudgrunn til at Noregs Samemisjon framleis lyt stå som eigen organisasjon.
I dag er det samiske samfunnet i rask endring. Skal ein nå generasjonane under 60 år, må ein finne nye møtepunkt. Dette blir ei hovudoppgåve framover. Kallet er der. Truleg er Noregs Samemisjon eitt av verktøya som kan nyttast.
Sørsamar
Ein snakkar ofte om at sørsamar, pitesamar og lulesamar er minoritetar i minoriteten. For hundre år sidan var det herifrå dei fremste samiske leiarane kom. Men fornorskinga har vore sterk. Noregs Samemisjon hadde god kontakt med
sørsamane så lenge hovudkontoret låg i Trondheim. Det siste året har særleg koordinator Øyvind Smievoll Fonn gjort ein flott innsats for Samemisjonen i desse områda. Styremedlemmer og misjonsvenner i Trøndelag krins og i Troms krins er levande opptekne av at Noregs Samemisjon må ha eit tilbod til sørsamar, pitesamar og lulesamar. Slike røyster finn me òg i landsstyret. Frå sørsamane sjølve høyrest klagen: «Korfor ventar de så lenge med å kome?»
Her ligg eit potensial for å tene heile det samiske folket med Guds ord. Vil misjonsvenner i heile Noreg vere med og lyfte dette arbeidet?
Kola-arbeidet
På grunn av krigen i Ukraina er det blitt vanskeleg å samarbeide over grensa til Russland i nord. Men det er framleis mogleg. Ein lyt berre gjere det enkelt og ikkje gape for høgt. Dei russiske samane på Kola-halvøya ønskjer kontakt med Samemisjonen. Det gjer også den lutherske kyrkja. Besøk av to og tre personar om gongen er fint. I mars og i juni i år viste Anne-Christine Mortensen Hansen, Olga Linjord Johnsen og eg at slike besøk går an å få til. Noregs Samemisjon er i dag ein av få kanalar for kontakt mellom samane i Russland og deira frender i Noreg, Sverige og Finland. Her har Samemisjonen fått ei historisk oppgåve i hendene. På dette området er Samemisjonen framtidsretta, aktuell og verdifull for det samiske samfunnet.
Fred i verda
Samarbeidet over den norsk-russiske grensa førebyggjer isolasjon og motverkar fiendebilete i begge land. Ingen er tent med ein ny generasjon russarar som aldri har sett folk frå Vesten. Folk-til-folk-samarbeid på grasrota er noko anna enn støtte til styresmaktene. Noregs Samemisjon yter eit unikt bidrag til fred i verda og byggjer opp under norsk politikk i nordområda.
Potensial
Dette var nokre tankar om korfor me framleis treng Noregs Samemisjon. Han har jamvel potensial til å vekse – sjølv om det i seg sjølv ikkje er noko mål på framgang. Samstundes skal me hugse at misjon ikkje byggjer på menneske sine tankar eller påfunn. Vår oppgåve er å vere tru mot bodet om å gå ut, døype og lære (Matt. 28, 19-20). Så vil Herren gå med – kvar dag.