Samemisjonen satser mot 2026

Dette vil Norges Samemisjon arbeide for de neste årene.

På landsmøtet i Ålesund 23.-24. juni vedtok Norges Samemisjon en ny strategiplan for årene 2024-2026. Programmet fikk navnet "Stø kurs". Dokumentet forteller hva Samemisjonen vil i tida framover.

 

"Bakgrunn

Dette skrivet tek føre seg kursen for Norges Samemisjon i tidsbolken 2024-2026, altså i tida frå og med landsmøtet i Ålesund i januar 2024 og ut året 2026.

 

I oktober 2021 gjorde eit ekstraordinært landsmøte vedtak om at Norges Samemisjon skal halde fram som eigen organisasjon. Til grunn for dette vedtaket låg programmet «Veien videre». Dettet notatet - «Stø kurs» - byggjer på «Veien videre» og på røynslene som er hausta i tida som er gått sidan.

 

Namnet «Stø kurs» fortel at programmet er ei vidareføring og oppdatering av «Veien videre». Namnet uttrykker også at ein tek steget frå ei mobiliserings- og oppbyggingsfase til ein fase med fokus på konsolidering og normal drift. Frå radikale grep er oppgåva nå å fininnstille rutinar og leggje strukturar for ein robust organisasjon med berekraftig økonomi.

 

Der det er tenleg, kan det utarbeidast meir detaljerte handlingsplanar på krins-, region- og landsnivå. Desse handlingsplanane lyt vere samstemte med dette overordna strategidokumentet.

 

Før neste landsmøte må landsstyret utarbeide ein ny strategiplan med visjonar og målformuleringar for helst fleire enn ein treårsbolk.

 

Sjølv om det som er nedteikna her, legg vekt på praktiske tilhøve, er misjon Guds verk: «Missio Dei». Ingenting lukkast dersom ikkje misjonens Herre velsignar arbeidet. «Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.» (1. Kor. 3, 6). Dette arbeidsprogrammet må derfor gjennomførast med audmykt og i stendig bøn til Gud.

 

Prioriteringar og satsingar 2023–2025

 

(1) Forkynning av Guds ord ut frå den gjeldande visjonen og formålet:

«Norges Samemisjons formål er på bibelsk og evangelisk-luthersk grunn å utbre Guds rike særlig blant og sammen med den samiske befolkning. Norges Samemisjon ser det samtidig som en oppgave å støtte samisk språk og kristen kulturarv.»

 

(2) Byggje ein lettbeint, fleksibel og kostnadseffektiv organisasjon:

  • Innarbeide faste og enkle rutinar som gjer arbeidet effektivt og rasjonelt.
  • Utnytte digital teknologi til kommunikasjon, samarbeid og marknadsføring.
  • Innføre enkle og fleksible strukturar og stillingsinstruksar som gjer organisasjonen fleksibel og tilpasningsdyktig.

 (3) Framheve arbeidet i samiske strok:

  • Prioritere arbeidet i samiske strok, Radio DSF medrekna.
  • Ha flest mogleg arbeidarar – frivillige og tilsette – buande i samiske strok.
  • Prioritere samiske arbeidarar i tenesta, både frivillige og tilsette.
  • I tillegg til Kola-halvøya og Finnmark skal Norges Samemisjon ha organisert verksemd i lulesamisk og sørsamisk område i Noreg. Der Norges Samemisjon er velkomen, verkar ein også på finsk og svensk side av grensa.
  • Vidareføre den organiserte møteverksemda i Vest- og Aust-Finnmark.
  • Gjennomføre vinterstemne i fleire kommunar.
  • Der det ligg til rette for det, kan dei tilreisande predikantane bli verande i lengre tidsbolkar på kvar plass.
  • Prøve å rekruttere «teltmakarar» til samiske strok, dvs. folk som flyttar frå andre delar av landet, tek seg vanleg arbeid og på fritida støttar opp om kristen verksemd på staden.
  • Det er også eit mål å framstå som ein organisasjon der unge, samar som nordmenn, kan få leve ut sitt kall og sin trong til å tene i Guds rike. Då lyt ein ofte fyrst invitere dei med inn i meir tidsavgrensa prosjekt, så dei får sjå arbeidet på nært hald.

 (4) Halde Kola-arbeidet levande:

  • På Kola-halvøya i Russland skal forkynning mellom samane vere det fremste målet – av russiske, samiske og norske forkynnarar.
  • Norges Samemisjon legg vekt på verksemda i dei samiske områda på Kola-halvøya.
  • Norges Samemisjon si forkynnande og diakonale verksemd på Kola-halvøya blir kanalisert gjennom Den ingermanlandske evangelisk-lutherske kyrkja.
  • Norges Samemisjon profilerer sitt folk-til-folk-samarbeid over den norsk-russiske grensa som fredsarbeid. Norges Samemisjon vil med det understreke bodskapen om at folk-til-folk-samarbeid med vanlege russarar er naudsynt, ønskjeleg og mogleg i ei tid med ufred og spenningar i Europa.
  • Norges Samemisjon innrettar si verksemd i Russland etter russisk og norsk lovgjeving, og etter det som er råd å få til.

 (5) Halde fram det utadretta arbeidet i krinsane:

  • Ein må arbeide for at kvar krins går med eit overskot, etter at løn er utbetalt, som er med og finansierer Norges Samemisjon si verksemd i dei samiske områda.
  • Så mykje som råd av arbeidet i krinsane bør utførast av frivillige. Rekruttering og tilrettelegging for frivillige er ei hovudoppgåve for regionleiarar og krinsstyre.
  • I tillegg til vanlege bedehusmøte kan husmøte vere ei god og strategisk møteform.
  • Å høyre til i ei foreining eller ein krins/region, må kjennast på som verdifullt anten ein er born, ungdom, vaksen eller komen i alderdomen. Støttespelarar og frivillige må få høve til å leve ut kallet sitt innanfor vår misjonsgrein.

 (6) Systematisere informasjonsflyten frå samiske strok til gjevarane:

  • Verksemda i Norges Samemisjon står på to bein: forkynning i samiske strok og i krinsane. Det evangeliske og diakonale arbeidet i samiske strok er ikkje mogleg utan gjevarar.
  • Enkle rutinar må på plass for rapportering i form av bilete og tekst frå verksemda i samiske strok til gjevarane.
  • Viktige verktøy i informasjonsarbeidet er krinsstyra, frivillige forkynnarar, regionleiarar, Samenes Venn, lokale krinsblad, Facebook og heimesida til Norges Samemisjon.
  • Ein må arbeidde målretta med rutinar slik at:
    • tilsette som ferdast i samiske strok, sender tekstar og bilete frå si verksemd;
    • og at forkynnarar som reiser for Norges Samemisjon, deler misjonsinformasjon på møta dei held.
  • Etiske omsyn må tilleggjast stor vekt, t.d. folk ein tek bilete av, lyt godkjenne at biletet kan offentleggjerast med omsyn til personvernet. Leiinga i organisasjonen må her utarbeide eller vise til regelverk på området.

 (7) Arbeid med forsoning

  • Organisasjonen må studere rapporten Sannhet og forsoning – grunnlag for et oppgjør med forsoning – grunnlag for et oppgjør med fornorskingspolitikk og urett mot samer, kvener/norskfinner og skogfinner – der mellom anna Norges Samemisjon er nemnt – og gjere tiltak, også på grunnlag av eigne historiske kjelder.»

 (8) Arbeidstilhøve, kommunikasjon og rekruttering:

  • Tilsette i organisasjonen må vere godt informerte om lønstilhøve og rettar.
  • Også frivillige må kjenne seg trygge i oppgåver ein går inn i.
  • Eit verdidokument for ansatte og frivillige høyrer med her.
  • I skildring av rutinar, retningsliner og arbeidsmåtar, må ein også ta med kunnskap om kultur i samiske miljø bygd på brei erfaring i organisasjonen.
  • Evalueringsprosessar er viktige for at Norges Samemisjon skal vere ein lærande organisasjon.

 (9) Framleis stort fokus på økonomien:

  • Årvisse overskot er ein føresetnad for at Norges Samemisjon skal overleve som eigen organisasjon på sikt.
  • Grunnarbeidet som er gjort gjennom «Veien videre», er eit godt utgangspunkt for jamn drift i økonomisk balanse.
  • Framover ønskjer ein målretta satsing på:
    • fast gjevarteneste (eventuelt med skattefrådrag)
    • verving av einskildmedlemer.
  • Landsstyret involverer krinsstyra nært i budsjettprosessen, med avtale om bidrag til Noregs Samemisjon.
  • Eigedomane må óg ha eit stendig fokus mtp. nytte, lokal forvalting og forsvarleg ressursbruk.
  • Ein må fokusere på at å gje er ei teneste for Gud, og såleis – både med frimod og skjønsemd – oppmuntre til faste gåver og til å gje av den arven ein etterlet seg."
  • Oppdatert