Møtedeltakarar fekk misjonsinformasjon frå heimesida til NSM
Samemisjonen har dei siste åra vorte meir synleg i Nordfjord. Kretssekretæren i Møre og Romsdal har i stillinga si også å drive møteverksemd nord i Bergen krets. Denne gongen var heimesida til NSM kjelda for misjonsinformasjonen.
Skjermdump fra web-side til Bergen krets
90 minutt med Norges Samemisjon på Fjordly
Torsdag 6. september var det 90-minutter-samling på Fjordly Ungdomssenter på Brygga i Nordfjord. Ein fin kveld. Omlag 30 personar frå ulike bygdelag var møtt fram for å høyre tale og sang av Kari Laila og Ove Aksnes. Informasjon om arbeidet høyrer med, og denne gangen såg dei i fellesskap på heimesida til NSM. Samlinga vart avslutta med kaffe, kaker og sosialt samvær.