På møteturné i Sunnfjord og Nordfjord: Førde - Hyen - Florø

Det vart ein variert møteturné for Ove og Kari Laila Aksnes då dei besøkte tre møteplassar i Fjordane. Det fekk oppleve husmøte og bedehusmøte, by og bygd - og låg og god møtedeltaking.

Gruppa Salig Blanding opptrådte med vakker song og musikk.
Gruppa Salig Blanding opptrådte med vakker song og musikk.

Førde

Måleriet på Førde bedehus. Foto: O. Aksnes

Første møtet fann stad i Førde torsdag 6. desember. Her hadde ikkje Aksnes vore før i Samemisjonens regi. Dessverre var det mykje anna som føregjekk den kvelden i Førde, og oppmøte på bedehuset var difor lågt. Men likevel vart det et godt, for ikkje å seie, eit noko spesielt song- og musikkmøte.

 

I tillegg til song frå Kari Laila og Ove, var det mykje god song og musikk av mannsangergruppa Salig Blanding. Ove tala dessutan Guds Ord og hadde informasjon om Samemisjonens arbeid.

Hyen

Det vart sein kveld før sekretærparet kom seg til Hyen og fekk overnatting hos misjonen sin kontaktpersonen der, Alvhild Holme.Alvhild Holme og Solveig Omedal. Foto: O. Aksnes

 

Fredag føremiddag var det invitert til husmøte i den vakre Nordfjordsbygda Hyen. Ei som var spesielt glad for å kome seg på møte var Solveig Omedal, som er blind. Ho hadde vore mykje på Samemisjonssamlingar då ho vaks opp i Trøndelag.

Florø

Fredag kveld var turen komen til Florø misjonshus. Kontaktperson for Normisjons-forsamlinga der, Ottar Tonheim, tok godt i mot. Han gjer ein stor innsats for misjonsarbeidet i denne byen. Omlag 15 personer var samla til forkynning, song og misjonsinformasjon. Sekretærparet som skulle heimatt til Sunnmøre same kvelden, rakk ikkje å ta så mange bilete frå denne møteplassen. Men eit velkommen tilbake og eit godt minne fekk dei med seg på heimreisa.

  • Publisert