Til Hyen - mellom fjord og vatn, under fjell og bre

Torsdag 18. oktober vitja Samemisjonen den vakre bygda Hyen i Gloppen kommune. Her innerst i Hyefjorden har dei ei kyrkje, men også fleire andre møteplassar å samlast på. Ekteparet Aksnes nytta både lesesalen og bukollektivet då dei var der.

Deler av bygda Hyen. Hovudnæringar er landbruk, fiskeoppdrett og industri. Rundt Hyen er det fleire isbrear og fjella når opp i 1300 meters høgd.
Deler av bygda Hyen. Hovudnæringar er landbruk, fiskeoppdrett og industri. Rundt Hyen er det fleire isbrear og fjella når opp i 1300 meters høgd.

Håpar på årvisse samlingar

Når Samemisjonen fyrst var komme på sjeldant besøk i Hyen, prøvde ein å nå breitt ut. Fyrste møtet var på bukollektivet ved Hyen omsorgsbustader kl 16.30. Om kvelden kl 20.00 var det så møte på Hyen lesesal som ligg på skulen - eit møterom for ulike føremål. Særleg var frammøtet på bukollektivet godt. Over 20 personar møtte opp der. På begge plassane var det tale og song av Kari Laila og Ove Aksnes, og det vart informert om arbeidet til organisasjonen.

 

Krinssekretær i Møre og Romsdal krets, og forkynnar i Bergen krets, Ove Aksnes, seier han vil satse på liknande samlinger til neste år. Han nyttar også høve til å takke dei lokale initativtakarane med Alvhild og Terje Holme i spissen.Det var godt frammøte på bukollektivet ved Hyen omsorgsbustader. Foto: Ove Aksnes